Om Ørstahallen
Fakta om Ørstahallen
Byggherre og eigar Ørsta kommune v/ seksjon eigedom
Speleflater
3 stk handballflater + matchbane
4 baner minihandball
3 baner futsal
2 baner innebandy
1 bane el-innebandy
4 baner basket + matchbane
12 baner badminton
3 baner volleyball
1 bane for turn m/turngrop
Areal for idrettsaktivitet
Brutto areal 8500 m2
Fri takhøgde speleflater 9 m
119 rom
Godkjent max personopphald 2284 ( fleire med ekstra vakthald)
1100 sitteplassar tribuner
Rom for administrasjon, klubbrom, møterom
Felles vrimleareal og foajé
Har eiga skadestove
Lager for idrettsutstyr
ØIL har eige klubblokale, FFO-lokale, kjøkken, kontor og garderobe
3 stk speleflater (som kvar kan delast i 2 med skilleveggar)
Klatrehall med 15 m høg klatrevegg, kursvegg, buldrevegg og alpin redning
Løpebaner friidrett med hoppegrop
Styrketreningsrom m/apparat
Treningsrom for bordtennis og anna aktivitet
Utvendig løpebane under tak
Garderobekapasitet:
- 10 garderober, kvar har plass til 26 personar
- 10 mindre garderober for dommarar og lærarar
Potensiale for store mesterskap:
Hallen er tilrettelagd og har potensiale for store mesterskap; både nasjonalt og internasjonalt
Dette gjeld idrettane handball, klatring, bordtennis, basketball, men også andre idrettar har moglegheiter for slike arrangement.
Planteikningar
1. etasje
2. etasje
Ny symjehall?
Kommunestyret har vedteke budsjettmidlar kr 1 mill til utgreiing av forprosjekt i 2019. Ny svømmehall er tenkt bygd inntil klatreveggen og får felles inngangsparti med Ørstahallen. Utgreiingsarbeidet vert leia av seksjon eigedom og sak vert lagt fram for politisk handsaming i løpet av 2019. Det er opp til kommunestyret å avgjere om det vert løyvd midlar til bygging av svømmehall i 2020/2021.